mandag 23. desember 2013

Førjuls kos

 Fort gjort, no er fyrste semesteret på høgskulen i volda unnagjort. eksamen ferdig og bestått! over snitt spent på karakteren da eg leverte inn 18 sider, og 8 av dei var teikninger... men no når resultatet er inne må eg seie at teiknekjennskapane mine skaffa meg ein B! godt nøgd, og sykt gira på å sjå meir på Bre, Filosofi ( ikkje fult så mye pedagogikk). No til neste semester på Høgskulen i Volda skal vi ha alpin vinterferd og segling.  Ser og fram i mot eit kurs nokre av oss skal på i starten av februar.  vonar det blir klyving med isøks, stegjarn, tau og fin skikjøyring.  No i desember er det litt trott, så eg har gått nokre turar ( ein tur til dama i england, men blei lite friluft og mykje malte der) og brent bål, og leita etter juledekor til ho mor.  tok vel og nokre bilder.

no kring nyttårsaften tenker ein gjeng seg på topptur for å ha prima utsikt til ein haug folk som emnar å sette fyr på pengane sine, og vere fornøgde til. (naut) håpar i anledning på stille, klårt kaldt vær. ( som om det skjer,) dette kjem da mest truelg til å bli ein stor hending i både 2013 ( da vi går opp) og i 2014 (da vi kjøyrar ned) siste og fyrste skitur.  fortsettingi følgar.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar