lørdag 4. januar 2014

Topptur? pfff.... SKITUR!

Ein av dei mest brukte turane dei siste åra har vore omtrent der cup i skialpenisme løypa går, innpå Kårvatn. Opp i retning Tydalsnebba.   Dette er da å klasifisere som ein lett topptur, og kanskje ein dårleg topptur om målet er kjøyringa. I og med at storedelen av turen er forholdsvis flat. og da fulstendig uegna for dei med snøfjøl.  Samtidig som at dette er eit forholdsvis lite område, som mange går på. så det har hendt at det er blitt nedkjøyrt!


Men! Eit nydelig, og utruleg lite bruka alternativ i umidelbar nerheit til Kårvatn, ( som er forholdsvis snøsikker)  er lia/rabbane som strekker seg i frå "Slåkja" og austover inn til  Storsvaet.  Her er det mye variert kjøyring, både skog (furruskog av beste kvalitet) og opne sletter der det nyttar å dra på. det finnst også seriar med små og større hamrar som ein kan utfordre seg med å kjøyra ned.


Det er forholdsvis slakt lengst aust, og det drar seg til lengre ut. det lønner seg å gå turen opp nedanifrå, slik at ein har moglegheit til å planlegge kjøyringa si i forhold til lende. og slik at ein veit å komme seg over elva ved ein av bruane ( dei er synelege i frå vegen) det er og mogleg å vade enkelte stader lengre opp.  i frå toppen har ein utsikt ut dalen, og over til skjerdingfjellet og snøfjellet.  Området byr på skogskjøring av beste kvalitet. med gliss kupert furuskog, med helning som går i frå 20* til 45* lengre ut.  enkelte parti er målt opp i 50*, og kan lønne seg å nytta kun når det er fett med styresnø.  Området er også skjerma i frå dei verst vindane ( mykje grunna trea, så på dei opne områda kan det vere vindpåvirka)

Dett er ikkje ein "topptur" men ein nydeleg skitur.  så kan gutane i kondomdress få  jogge over flata mot tydalsnebba på skare, medan dykk kjøyrar urøyrd pudder i skogen!  


Godt turår!











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar